onsdag 25. november 2009

Endeleg!

Hei-hå! :)
Då er fotolinja også endeleg i gang! :)
Berre for å hoppe over unskyldningar for å ikkje ha blogga før no, går me i gang med anna oppdatering.

Sida skulestart har me gjort ganske mykje.
Me har blandt anna vore på overnattingstur til Indre Sogn der me gjekk tur til Vettisfossen og Sognefjellet. Artige tur! :)
Ellers har me lært basistrekk i mørkerommet og svart kvit film, samt anna med blender, lukkertid, iso og resten av dei innvikla underkategoriane som eg ikkje har tenkt å legga ut om no. Bortsett frå dette har me lært nokre gode tips og triks innan Photoshop, samt digital print. Portrett har óg vore tema.

Veke 46 frå tirsdag til torsdag reiste fotoklassa på tur til Bergen. På tirsdagen møtte me først ein Geir Sakseid som fortalde ein del om Egypt, før me reiste på byn og åt.Seinare på kvelden var det tur til Fløyen for dei som ønskte det. Onsdagen stod me opp til god frukost med nykokte egg og rista skjeva før me reiste ned i Bergen og utforska byen med fotooppgåve - Detaljar. Deretter ein tur innom ei Egyptisk utstilling med mumiar og anna Egyptisk før me tok turen til akvariet. Akvariet baud på mykje artar innan både sjøliv og tropisk sone. Slangar var ikkje like topp for alle - for å sei det slik! Søte pingvinar og selar derimot! :D
På ettermiddag var det fotoutstilling på Logen bar, mykje fine bilete til både inspirasjon og ettertanke. Dagen runda av med langbord på Kinarestaurant:) Torsdagen var planen at me skulle reise på ei utstilling før me tok turen oppatt - denne blei avlyst og heimreisa tok i gang tett etter frukost. Ikkje alle var med oppatt, då nokren skulle vere att i Bergen mens andre kom seg heim på anna vis. Alt i alt eit kjekkt avbrekk og ein super tur! :D

Denne veka har me jobba med utvikling av temaet portrett, altså lysmåling og innstillingane og opplysningane kameraet treng for å få eit flott portrett. Litt innvikla, men prøver som tykjen å få det inn i knotten alle saman! :) Me fotograferar kvarandre både med film og digitalt, framkallar og stiller ut portretta. Utanom dette lagar me også montasje med bilete frå Bergen i Super A3 format som skal på veggen. Dette prosjektet jobbar me oss mot slutten før me byrjar på studio, som me allerede har fått ein liten smakebit av! Dette blir kjekkt! :)

Satsar på ein litt jevnare oppdatering frå no, slik at alle kan få eit innblikk i kva me gjer på fotolinja :)